Hjem
Studentsider
erasmus+

Anton Bruckner Privatuniversität og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByLinz
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at bachelorstudentane reiser ut heile studieåret, altså både i haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Som eitt av fire universitet i Linz utgje Anton Bruckner Private University eit dynamisk og innovativt senter for kunst. Dei tilbyr utdanningar innan musikk, drama og dans. Lærestaden er ein av regionens fremste kulturformidlarar; dei arrangerer alt frå kammer- og symfoniorkester til skuespel, dans, jazz og samtidsmusikk, debattar og førelesingar.

Linz blei grunnlagd av romarane allereie 800 år før vår tidsrekning og er i dag den tredje største byen i Austerrike, med 192 000 innbyggarar. Byen ligg på begge sider av elva Donau, 266 meter over havet og 30 kilometer sør for grensa mot Tsjekkia. Byen var utmerkt som europeisk kulturhovudstad i 2009, og er kjend blant anna for fleire moderne kunst- og teknologisentre. Linz har status som en UNESCO City of Media Arts.

Bustad

Internasjonalt kontor ved lærestaden kan informere om innkvarteringsmoglegheiter.

Semesterinndeling

oktober - februar

mars - juli

Informasjon