Hjem
Studentsider
bilateral

Ewha Womans University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandSør-Korea
  • BySeoul
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar (både på bachelor- og masternivå), gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen (diverre er den ikkje open for studentar frå Det medisinske og Det juridiske fakultet). Karakterkravet frå EWHA ligg ein stad mellom C og D, og du må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og når det passar å reise ut.

Språk

Undervisninga er på koreansk og engelsk. Det er ikkje påkrevd å vise dokumentasjon for engelskkunnskapar.

Kva emne kan eg ta

EWHA Womans University er eit breiddeuniversitet med eit tilbod innan mange fagområde. For meir informasjon bør ein sjekke oversikta over engelskspråklege emne.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med EWHA som inneber at vi kan få inntil fire friplassar kvart år.

Utover dette må ein betale forsikring:
- Korean Health Insurance: om lag 50 000 KRW per månad (beløp frå 2022)
- EWHA Collective Insurance: Om lag 20 000 - 30 000 KRW per månad (beløp frå 2022), MEN her godtek dei utanlandsk forsikring der ein kan dokumentere same vilkår

Ved utveksling til Sør-Korea får ein eit ekstrastipend frå Lånekassen.

Bygningar og parkar på campus
Foto/ill.:
© EWHA Womans University

Informasjon