Hjem
Studentsider
bilateral

University of North Carolina at Chapel Hill og Institutt for sammenliknende politikk (BILATERAL - UTFORSK)

  • LandUSA
  • ByChapel Hill
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på studieprogramma i samanliknande politikk og Europastudium med spesialisering i samanliknande politikk kan søkje på denne avtalen. På vårsemesteret er ein plass reservert for studentar på Masterprogrammet i samanliknande politikk. Søkjaren må ha teke minimum 60 studiepoeng ved utreise og det er krav om minimum C-snitt.

For utreise haustsemesteret 2025 er det ein plass til UNC-Chapel Hill.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i samanliknande politikk vil det normalt passe best å reise ut for eit semester i fjerde eller femte semester. Studentar på Europastudium reiser ut i femte semester. Masterstudentar reiser ut i sitt andre semester.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Norske studentar slepp unna engelske språktestar dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule.

Kva emne kan eg ta

Avtalen er knytt til Center for European Studies (CES) ved University of North Carolina at Chapel Hill. Ved CES tilbyr dei mange spennande emne innanfor European studies. Alle emne på er opne for utvekslingsstudentar. Sjølv om CES tilbyr ei stor bredde av emne kan studentar som reiser på utveksling til Chapel Hill også velje å ta emne som blir tilbode av andre institutt, som t.d. Institutt for statsvitskap.

Ein fulltidsstudent på bachelornivå skal ta 15 credits, og ein fulltidsstudent på masternivå skal ta 9 credits. Kvart emne er normalt på 3 credits, og emna frå og med 400-nivå er rekna som masteremne.

Studieavgift

Ein betaler ikkje skulepenge på denne avtalen. Studentar som reiser på utveksling til UNC Chapel Hill vil dra nytte av ei stipendordning som dekkjer eit månadleg tilleggsstipend gjennom semesteret til kostnader som ikkje blir dekte av Lånekassen, i tillegg til støtte til reise tur/retur til UNC-Chapel Hill og visumkostnader.

Studentrapportar

Flott bygg på campus
Foto/ill.:
© UNC-Chapel Hill

Informasjon