Panteion Panepestimion Ikonomikon kai Politicon Epistimon og Institutt for sosialantropologi (ERASMUS+)
- LandHellas
- ByAthinai
- Studieplassar4
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden. Bachelorstudentar frå andre studieprogram ved UiB kan òg søke, og blir vurdert dersom det er ledige plassar.
Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB før avreise.
Når i studiet kan eg reise
For bachelorstudentar i sosialantropologi passar det best å reise på utveksling i 4. eller 5. semester av bachelorprogrammet.
Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.
Språk
Undervisningsspråket er engelsk og gresk.
Kva emne kan eg ta
Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Informasjon
- Hjemmeside
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9807
- FagnavnSosialantropologi