Hochschule Ruhr West og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - CHARM-EU)
- LandTyskland
- ByMülheim
- Studieplassar4
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
UiB er med i den europeiske universitetsalliansen CHARM-EU, som er finansiert gjennom Erasmus+-programmet. I tillegg til UiB er følgande universitet medlemmer alliansen: University of Barcelona, Trinity College Dublin, Utrecht University, University of Montpellier, Eötvös Loránd University Budapest, Åbo Akademi University, Julius-Maximilians University Würzburg og Ruhr West University of Applied Sciences. Les meir om alliansen her: Home | CHARM-EU
CHARM-EU-avtalen med Ruhr West University of Applied Sciences er open for alle UiB-studentar. Merk at ein del emne har krav til førehandskunnskapar.
Når i studiet kan eg reise
Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og når det passar å reise ut i ditt studieprogram.
Språk
Undervisningsspråk ved Ruhr West University of Applied Sciences er tysk. Dei tilbyr likevel nokre emne på engelsk. Ein må vera på B2-nivå i tysk/engelsk.
Kva emne kan eg ta
CHARM-EU-avtalen med Ruhr West University of Applied Sciences er ikkje knytt til eit spesielt fagfelt, og så lenge ein er fagleg kvalifisert, kan ein velje blant emna som vert tilbode på bachelor- og masternivå. Det er nokre restriksjonar knytt til masteremne innan business administration.
Hugs at du må få ei fagleg førehandsgodkjenning frå instituttet/fakultetet ditt ved UiB, slik at du får utvekslingsopphaldet innpassa i graden din.
Studieavgift
Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://en.hochschule-ruhr-west.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9834
- FagnavnAlle fag