Hjem
Studentsider
bilateral

Korea University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandSør-Korea
  • BySeoul
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen med Korea University (KU) er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, men sidan emnetilbodet på engelsk kan variere, er den fyrst og fremst anbefalt for studentar med frie studiepoeng i sitt utvekslingssemester.

Studentar på bachelor-nivå må ha fullført minst to semester ved heimeuniversitetet før dei søker seg til KU. Masterstudentar kan søke etter å ha fullført eitt semester.

KU krev eit karaktersnitt på C.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/ fakultetet du studerer ved for informasjon om dette.

Språk

Offisielt undervisningsspråk ved KU er koreansk, men universitetet tilbyr også ei rekke emne på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsavtalen omfattar dei fleste fagfelt, men med nokre restriksjonar. Ein kan blant anna ikkje studere medisin, odontologi, farmasi og juss ved KU.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med KU som inneber at vi kan få eit visst antal friplassar kvart år.

Ver merksam på at ein må betale ein søknadsavgift på kring USD 50 ved innlevering av søknad til KU.

Frå 2021 innførte Korea eit krav om å kjøpe helseforsikring gjennom Korea National Health Insurance, som beløper seg til om lag 40 000 KRW per månad.

Ved utveksling til Sør-Korea får ein eit ekstrastipend frå Lånekassen.

Bygningar og parkar på campus
Foto/ill.:
© Korea University

Informasjon