Hjem
Studentsider
bilateral

University of Portsmouth og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. studieår)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByPortsmouth
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterstudiet i rettsvitskap.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregående skule treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga).

Du vel blant dei juridiske undergraduate emna som blir tilbydde til utvekslingsstudentar ved Faculty of Business and Law. Ei oversikt over dei tilgjengelege emna finn du her.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Gjennom denne utvekslingsavtalen betaler ein ikkje skulepengar ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Discover Portsmouth | City Guide

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Portsmouth er eit offentleg breiddeuniversitet med røter tilbake til 1869. Det er delt inn i fem fakultet og har om lag 29 000 studentar. Meir enn 5000 av desse er internasjonale studentar.

Portsmouth er ein av dei to største byane i Hampshire, og er saman med Southampton ein av dei to store hamnebyane søraust i England. I Portsmouth bur det litt over 200 000 menneske, mens i området South Hampshire som omfattar området kring både Portsmouth og Southampton bur det heile 1,5 millionar menneske.

Portsmouth har ei rik maritim historie og ei vakker kystlinje med flotte promenadar, strender og utsiktspunkt. Portsmouth er ein pulserande by med moderne kultur, inkludert museer, galleri, teater og eit livleg natteliv. Det er et flott reisemål for historieentusiaster, sjøfartsinteresserte og alle som ønsker å oppleve en engelsk kystby med sjarm og karakter.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader som utvekslingsstudentar kan søke om plass på. Bustadkontoret kan òg gje råd til studentar som ønsker å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September til januar, og januar til juni.

Informasjon