Hjem
Studentsider
erasmus+

Babes-Bolyai' University of Cluj-Napoca og Institutt for sosialantropologi (ERASMUS+)

  • LandRomania
  • ByCluj-Napoca
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gir prioritet til studentar i sosialantropologi som skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden. Bachelorstudentar frå andre studieprogram ved UiB kan òg søke, og blir vurdert dersom det er ledige plassar. Det er eit krav at søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i sosialantropologi passar det best å reise på utveksling i 4. eller 5. semester av bachelorprogrammet.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er rumensk, men det finst og engelskspråklege emne du kan velje.

Dersom du ikkje har kunnskapar i rumensk, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Babes-Bolyai University er det største i Romania, med rundt 40 000 studentar. Det har eit breitt fagtilbod, fordelt på 21 fakultet, og tilbyr undervisning både på roumensk, ungarsk, tysk, fransk og engelsk. Universitetet er kalla opp etter to kjende forskarar frå Transilvania: Bakteriologen Victor Babes og matematikaren Janos Bolyai. Størsteparten av universitetet ligg i byen Cluj-Napoca, med bygningar spreidd til ulike bydelar. I tillegg har det 18 avdelingar i andre småbyar.

Cluj-Napoca, ein rumensk by med rundt 400 000 innbyggarar. Han ligg nordvest i landet, og var hovudstad i den historiske provinsen Transilvania. Det finst ein berømt botanisk hage og mange flotte byggverk i byen. Nesten ein fjerdedel av innbyggarane er studentar, noko som merkast på kulturlivet.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt senter som hjelper utvekslingsstudentar med å finne seg til rette, og det finst fleire studentbustader i nærleiken av hovudcampusen Hasdeu. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Informasjon