Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of Durham og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByDurham
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke på avtalen.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar som går på bachelorprogrammet i filosofi ved FOF vil bli prioriterte om det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i filosofi passar det best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Merk at det ikkje er mogleg å reise i berre eitt semester sidan University of Durham har trimester heller enn semester. Difor er det naudsynt å søke om utveksling i ett heilt år.

Søkarar frå andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for ditt fakultet/institutt for å få råd om når det passar at du reiser på utveksling. Vanlegvis vil det vere best å legge utvekslingsopphaldet til eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av både vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Slott
Foto/ill.:
© University of Durham

Informasjon