Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Genova og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByGenova
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Berre masterstudentar og PhD-studentar kan reise ut på denne avtalen. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som hovudfag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Genova er eit av dei største i Italia, og ligg i byen Genova på den italienske rivieraen. Det blei grunnlagt i 1481 og er i dag eit breiddeuniversitetet med rundt 40 000 studentar. Universitetet har fleire campusar rundt i regionen Liguria, men hovudcampusen ligg i Genova. Den blei etablert rundt år 1640 og utvida på 90-talet. Her finn ein framleis det første tricolore-flagget, som studentane bar gjennom Genova sine gater 10. september 1847 for å feire nasjonal sameining og jubileet for austerrikarane si flukt.

Genova er ein hamneby med kring 700 000 innbyggarar som ligg nord i Italia ved Genovabukta. Bynamnet kjem truleg frå ligurisk og tyder «kne», basert på geografien. Byen er kjend som fødebyen til handelsmannen og oppdagingsreisande Kristoffer Columbus, og har økonomisk i stor grad vore basert på handel via sjøvegen, og stålproduksjon. Han er stadig ein viktig by for italiensk næringsliv i dag.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på campus, men kapasiteten på bustader er ikkje i samsvar med etterspørselen, så det vanlegaste er å finne leilegheit på den private marknaden. Det lønner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Interiør
Foto/ill.:
© Università degli Studi di Genova

Informasjon