Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Padova og Universitetet i Bergen (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPadova
  • Studieplassar9
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar på bachelor- og masterstudiar ved Det humanistiske fakultet, Det samfunnsviteskapelige fakultet, og Fakultet for naturvitenskap og teknologi kan søke på denne avtalen. Studentar ved det Det psykologiske fakultet som ikkje skal ta psykologi-emne kan også søke på denne avtalen (som for eksempel pedagogikk eller arbeids- og organisasjonsteori).

Alle som reiser på utveksling må ha fullført minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon og råd om når i studiet det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråka ved Universitetet i Padova er italiensk og engelsk, og det er krav om B1-nivå i språka. Dei fleste fakultet har nokre emner på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Universitetet i Padova er eit breddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde. Avtala gjeld i hovudsak for naturvitenskapelege-, tekniske-, samfunnsvitenskapelege- og humanistiske fag.

Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det finnes informasjon om emer på denne nettsida: https://www.unipd.it/en/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Bilde fra Universitetet i Padova
Foto/ill.:
Foto/ill.: © Massimo Pistore/Università degli Studi di Padova

Informasjon