Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Padova og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPadova
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor- og masterstudentar kan reise ut på denne avtalen.

Studentar frå Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som hovudfag vil bli prioriterte dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Når du kan reise ut kjem an på kva emne du planlegg å ta ved Matematisk institutt. Du bør derfor diskutere dette med ein studiekonsulent, studierettleiar eller annan vitskapleg tilsett.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Universitetet har eit emnetilbod på engelsk. Det er derfor ikkje nødvendig med flytande kunnskapar i italiensk for å reise på utveksling til dette universitetet.

Universitetet tilbyr språkkurs for internasjonale studentar. Her finn du informasjon om dette: http://www.unipd.it/en/research/international-scholars/language-courses-scholars

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt tilrår at studentar som vurderer å reise på utveksling diskuterer emneval med ein studiekonsulent, studierettleiar eller annan vitskapleg tilsett.

Du kan finne meir informasjon og ei oversikt over det engelskspråklege emnetilbodet på universitetet sine heimesider: https://en.didattica.unipd.it/catalogues

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Inne i museum
Foto/ill.:
© Massimo Pistore/Università degli Studi di Padova

Informasjon