Hjem
Studentsider
bilateral

McGill University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByMontreal
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open berre for bachelorstudentar. Studentar på masternivå som ønsker å reise ut gjennom denne avtalen må undersøke om fakultetet/instituttet deira vil godkjenne siste års bacheloremne eller honours-emne ved McGill University som del av mastergraden ved UiB.Jusstudentar kan ikkje søkje på denne avtalen.

McGill krev at søkarar har eit karaktersnitt på B eller betre. Studentar med karaktersnitt mellom B og C kan i enkelte tilfelle òg kome til vurdering. UiB vil spørje i slike høve spør McGill om dei ønsker å behandle søknadane frå studentar med karaktersnitt mellom B og C.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om utveksling, og råd om når det passar å reise ut på ditt studieprogram. Vanlegvis vil det passe best å legge utvekslingopphaldet til eit semester når du kan ta emne som fries studiepoeng.

Språk

Undervisninga ved McGill University foregår på engelsk. Du må kunne dokumentere karakter 4 eller høgare i engelsk fra vidaregåande skole for å få fritak frå kravet om engelsktest.

Kva emne kan eg ta

McGill tilbyr ei lang rekke emne ved sine 14 ulike fakultet. Ver merksam på at det kan vere få eller ingen tilgjengelege plassar innanfor enkelte fagområde, som blant anna biologi, mikrobiologi, biokjemi m.m. Jusstudentar kan ikke søkje på denne avtalen.

Heltidsstudiar tilsvarer 15 credits per semester. Kvart emne utgjer vanlegvis 3 credits, og har ei estimert arbeidsmengd på rundt tre timar undervisning og seks timar eigenstudium per veke.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- og innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB har ein eller to friplassar ved McGill University kvart år, avhengig av kor mange studentar McGill sender til UiB.

I uttaket med frist 1. februar 2024 er det 1 friplass tilgjengelig.

Studentrapportar

campus i mørket
Foto/ill.:
© McGill University

Informasjon