Hjem
Studentsider
bilateral

University of Hawaii at Hilo og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByHilo
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Berre bachelorstudentar kan søkje på denne avtalen.

Du lyt ha karaktersnitt B og ha tatt 60 studiepoeng før avreise for å kunne søke på denne avtalen.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Språk

Undervisninga ved UHH føregår på engelsk. Du må kunne dokumentere karakteren 4 eller høgare i engelsk frå vidaregåande skule for å bli fritatt kravet om engelsktest.

Kva emne kan eg ta

Universitetet er særleg sterkt innan naturfag, men dei tilbyr også ei rekke HF- og SV-fag. Institutt for sosialantropologi har eit nært samarbeid med University of Hawaii (UHH). Ein fullstendig oversikt over det faglege tilbodet finn du på nettstaden til universitetet: http://hilo.hawaii.edu/academics/#cas

Studieavgift

I uttaket med frist 1. februar 2023 har vi berre betalingsplassar.

Både skulepengesatsane og det generelle prisnivåret er lågare i Hilo enn i Honolulu. I studieåret 2023/24 er skulepengane på USD 5.508 for eitt semester eller 11.016 for heile året. Dette er innafor ramma for ordinær skulepengestøtte hos Lånekassa.

I tillegg må ein pårekne omlag $ 450 i avgifter. Helseforsikring koster omlag $700 per semester. Visum til USA er normalt 3-5000 NOK. Ein får ikkje ekstra støtte fra Lånekassa til å dekke desse utgiftane.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Hawaii at Hilo

Informasjon