Hjem
Studentsider
bilateral

The University of Queensland og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandAustralia
  • ByBrisbane
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til opptak på LLM-programmet ved University of Queensland må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må ha fullføre alle emna på 1.-4. studiår før studiet startar i Queensland.

Fordi studiestart i Brisbane er i juli, betyr dette at du må fullføre fjerdeårsemna ved ordinær eksamen. Du kan ikkje avlegge eksamen til kontinuasjonseksamen i august dersom du planlegg utveksling til University of Queensland med start i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Ved University of Queensland kan ein byrje på LLM-programmet både i haustsemesteret og vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM-grad sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve i mastergraden i rettsvitskap ved UiB.

Til forskjell frå LLM-program i Storbritannia, som varer i 12 månader, går LLM-programmet ved University of Queensland kun over to semester (8 månadar). Ved University of Queensland er det mogleg å starte på LLM-programmet både i haustsemesteret og vårsemesteret.

LLM-graden Master of Laws er på 16 units, strekk seg over to semester, og svarar til 60 studiepoeng. På nettsida om LLM-graden Master of Laws finn du fleire opplysningar om graden og om emnetilbodet. Emnet LAWS7936 Fundamentals of the Common Law er obligatorisk.

Ein kan få godskriving for masteroppgåva ved å skrive ei oppgåve som kan tilsvare den norske masteroppgåva både i innhald, omfang og dybde. Det er mogleg å oppnå dette gjennom å ta enten emnet LAWS7944 Dissertation A (4 units) eller emnet LAWS7825 Supervised Research Project (2 units). Studentar må kjenne til referanseteknikkar og andre krav som gjeld for å skrive ei akademisk oppgåve på førehand. Derfor må ein skrive masteroppgåve i løpet av det andre semesteret av LLM-programmet. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 8 units per semester. 8 units ved University of Queensland svarar til 30 studiepoeng.

denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved University of Queensland.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det er òg mogeleg å reise på utveksling til The University of Queensland for eitt semester (kun spesialemne).

Studieavgift

Gjennom denne avtalen må ein betale skolepengar. For 2025 er skolepengane for ein LLM på 50 560 AUD. Bergensstudentar får 20 % rabatt og betalar difor 40 448 AUD. Beløpet kan bli endra for 2026.

Lånekassen gjev støtte til skolepengar. University of Queensland er på Lånekassens liste over lærestader som kvalifiserer for utvida stipend i 2024/2025. Det betyr at om ein utvekslar til Queenslande blir ein større del av skolepengestøtten gjeve som stipend samanlikna med det som er vanleg.

Når ein takkar ja til tilbodet om studieplass må ein betale eit depositum på 500 AUD. Resten av skulepengane skal betalast ved semesterstart innan fristane som vert sette av Queensland.

I tillegg til skulepengane kjem ein obligatorisk studentavgift: Student Services and Amenities Fee (SSAF). Meir informasjon om denne, og om beløpet, finn du på denne sida.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Study Law at UQ

Produsent:
The University of Queensland

Studentrapportar

Bygning på campus
Foto/ill.:
© University of Queensland

Informasjon