Hjem
Studentsider
bilateral

Akita International University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByAkita-city
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for alle UiB-studentar, men studentar ved bachelorprogrammet i japansk vert prioriterte. AIU krev eit karaktersnitt mellom C og D for å gi opptak. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar, enten med karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skole, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av universitetet.

Denne avtalen vert normalt berre lyst ut ved fristen 25. august.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om når du kan reise ut på ditt studieprogram. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Språk

All undervisning ved universitetet foregår på engelsk, med unnatak av språkkursa ved Japanese Language Program.

Kva emne kan eg ta

Universitetet tilbyr tre program for utvekslingsstudentar: Global Business Program, Global Studies Program og Japanese Language Program. Sett vekk frå språkkursa ved Japanese Language Program, har alle emna engelsk som undervisningsspråk. Dette gjeld òg for dei japanske studentane. Japanske språkkurs blir gitt på ulike nivå.

Studentar som går på bachelorprogammet i japansk må vere merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer15 lokale credits per semester.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med AIU som inneber at vi i utganspunktet får nokre friplassar (plassar utan skulepengar) per år, forutsett at dei også sender studentar til oss. Plassane blir i første rekke tildelt studentar som går på bachelorprogrammet i japansk.

Studentrapportar

Bibliotek
Foto/ill.:
© Akita International University

Informasjon