Hjem
Studentsider
bilateral

The University of Western Australia og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandAustralia
  • ByNedlands
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen. UWA har eit krav om karakteren C eller betre i snitt for å gi opptak, og ein må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB før avreise. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar, enten med karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av UWA.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er engelsk.

Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar, dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande. Ved dårlegare karakter enn dette må studenten finne informasjon på nettsidene til UWA om kva engelsk-dokumentasjon universitetet krev.

Kva emne kan eg ta

UWA er eit breiddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er student innan petroleum- og prosessteknologi og er avhengig av å få erstatta spesielle PTEK-emne på utveksling, er det ikkje anbefalt å søke seg til UWA, då tilbodet deira innan PTEK-fag ikkje lenger er så stort. Ta kontakt med studierettleiar og høyr kva anna universitet det er anbefalt å søke seg til.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med UWA som inneber at vi kan få eit visst tal friplassar kvart semester dersom dei og sender studentar til oss. Dersom ein ikkje får friplass må ein betale studieavgift. I 2023 ligg studieavgifta på om lag AUD$ 13 005 per semester. Avgifta for studier på masternivå kan vere noko høgare. Merk at dette er noko over ramma Lånekassen kan gje støtte til.

Merk: frå 1. juli 2024 auka australske visummyndigheiter kostnaden for å søke om visum til AUD 1600.

Ved søknadsfristen 1. februar 2025 har UiB ingen friplassar ved UWA.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
Elin Berge Flo/UiB

Informasjon