Johannes Gutenberg-Universität Mainz og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)
- LandTyskland
- ByMainz
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor, Master og PhD
- AvtaletypeErasmus+
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelor- og masterprogramma i historie. Studieretten må vere gyldig i heile den perioden du er på utveksling.
Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioriterte etter historiestudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Det er krav om at du skal ha bestått eksamenar tilsvarande minst 60 studiepoeng før du reiser ut.
Når i studiet kan eg reise
Etter at du har tatt 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i din utdanningsplan. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.
Språk
Undervisningsspråket er i hovudsak tysk.
Dersom du ikkje har nok tysk-kunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på språkleg før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.
Kva emne kan eg ta
Du kan enten ta deler av spesialiseringa di ved dette universitetet, eller du kan velge emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden din.
Ønsker du å ta deler av spesialiseringa på utveksling, så må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Johannes Gutenberg-Universitet Mainz er eit offentleg breiddeuniversitet med ti fakultet, ein kunstskule og eit musikkakademi. Det samla studenttalet ligg på rundt 36 500. Universitetet har eit relativt stort idrettsfakultet, og campusområdet er derfor godt utstyrt med både inne- og utebanar til ulike sportar. Den ligg i eit gamalt festningsverk, om lag fem minutt med buss i retning sørvest for sentrum.
Mainz har 200 000 innbyggarar, og ligg idyllisk til der elva Main renner ut i Rhinen. Det er gode transportsamband med byar som Frankfurt og Köln. Byen er kanskje mest kjent som heimbyen til Johannes Gutenberg. Det er tradisjon for mange festivalar og arrangement gjennom året, så som karneval og maratonløp.
Bustad
Universitetet har studenthyblar både på campus og i dei ulike bydelane. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa rom på den private marknaden i Mainz.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - august.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uni-mainz.de
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9873
- FagnavnHistorie