Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of Hull og Universitetet i Bergen (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByHull
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

UiB har to plasser ved Universitetet i Hull kvart studieår. Studenter som skal ta fag innen engelsk språk og litteratur/kultur vil bli prioriterte. Avtalen er ikkje knytt til eit spesifikt fagfelt, og alle studentar på Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Fakultet for naturvitenskap og teknologi kan søke på denne avtalen.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du er tilknytt for informasjon om dette.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk, og University of Hull krev dokumentasjon på engelskkunnskapar.

Studentar som skal vere på utveksling i Storbritannia i meir enn 6 månader, må ta ein offisiell engelsk språktest (IELTS, TOEFL, CAE, CPE, PTE) for å få visum og opptak ved britiske universitet. For utvekslingsopphald under 6 månader, krevst det karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule eller stadfesting frå heimeuniversitetet.

Kva emne kan eg ta

University of Hull er eit breddeuniversitet med studietilbod innan dei fleste fagområde.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald eller nivå med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentar som skal vere på utveksling i Storbritannia i meir enn 6 månader, må søkje om visum og må ha ein eiga helseforsikring.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Hull

Informasjon