Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Trnava og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. studieår)

  • LandSlovakia
  • ByTrnava
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterstudiet i rettsvitskap.

Studieåra 2023/2024 og 2024/2025 kan avtalen også nyttast av studentar på siste studieår av masterstudiet i rettsvitskap (studentar på studieordninga av 2003).

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket på vertsuniversitetet er vanlegvis slovakisk, men dei har òg ei lang rekke juridiske emne med engelsk som undervisningsspråk.

Universitetet tilbyr språkkurs i slovakisk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga).

På denne nettsida finn du lenke til ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

University of Trnava nyttar ECTS-poengsystemet, der ein ECTS-credit er det same som 1 studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Det noverande University of Trnava er eit relativt lite offentleg universitet som blei grunnlagt i 1992. Det har fem fakultet og rundt 7500 studentar. Fakulteta for filosofi og humaniora, utdanning, helse- og sosialfag og rettsvitskap ligg i Trnava, medan fakultetet for teologi ligg i Bratislava.

Trnava er den største byen i den slovakiske regionen med same namn. Han ligg om lag 50 kilometer aust for Bratislava og 95 kilometer aust for Wien. Byen har vore ein viktig handelsstad opp gjennom historia, og dannar eit viktig kulturelt sentrum i regionen. Trnava har rundt 75 000 innbyggarar, og eit lågt kostnadsnivå samanlikna med Sentral-Europa elles. På 30 minutt kjem ein seg til Bratislava, på 1,5 timar til Wien, på 2,5 timar til Budapest og på 4 timar til Praha.

Bustad

Universitetet tilbyr rimelege studentbustader for Erasmus-studentar. Dei fleste av bustadane er hyblar som ein deler med ein eller fleire andre studentar, og ligg om lag 20 minutts gange unna universitetet sin hovudcampus. Det er òg mogeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Trnava.

Semesterinndeling

Oktober - januar/februar og februar- juni.

Studentrapportar

2020

Vår 2020 - BA i sosialantropologi

Vår 2020 - BA i sosialantropologi

15.01.2020 - 15.06.2020

Førebuingar/praktiske tips

Å reise med Erasmus er noko av det beste eg har gjort. Det er ein enkel prosess før avreise, i oppholdet og etter. Dei er alltid tilgjengelig om du lurer på noko og treng hjelp. Det er ikkje mykje du må førebu før du reiser, ha eit positivt sinn og open for både forandringer og utfordringer.
Du kan lære deg eit par slovakiske ord før du reiser slik at du er forberedt om du møter på noen som ikkje forstår engelsk. Du får tildelt ein fadder når du kjem dit som hjelper deg med alt det praktiske, desse er frå slovakia så dei kan også vere din tolk i begynnelsen. Eg anbefaler sterkt å reise på utveksling, det er virkelig "once in a lifetime" opplevelse. Og det er garantert at du får venner for livet.

Undervisningsformer

På grunn av situasjonen med Covid-19 som skjedde dette semesteret, så blei undervisningformene nettbasert. I mitt tilfelle før Covid-19 så var undervisning kun mellom meg og min lærar, siden eg var den einaste studenten som hadde engelsk undervisning i psykologi. I fleste fag fikk eg utdelt bøker, der eg for eksempel skulle lese eit kapittel til neste møte/time med læararen, der vi da skulle diskutere og snakke om kapittelet. Dette funket veldig bra for meg, da læraren kun fokuserte på meg og at eg skulle forstå alt.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbudet er veldig vidt.

Fagleg utbyte og språk

Dei er ikkje så strenge med utvekslingstudenter, krava er mindre. Likevel lærer du mykje og dei legge til rette for at du skal forstå alt. Sjølv om engelsk ikkje er så utbredt i Slovakia, så er lærarane nokså gode i engelsk. Mitt engelske språknivå har virkelig forbedret seg i løpet av oppholdet. Eg blei meir komfortabel med å snakke engelsk. Til og med når eg kom heim frå opphaldet kom det fram noen engelske ord når eg snakket. Det var ikkje noko problem å følge ein engelsk utdanning, dei vil alltid hjelpe deg med å forstå.

Universitetsområdet og byen

Universitetsområdet ligger i bykjernen, og er moderne bygg i forhold til resten av byen. Byen er utrolig skjønn, med mykje historie bak. Flott arkitektur. Byen minner meg litt om Bergen, typisk studentby. Ikkje så stor, kort gåavstand til dei fleste plassane. Ein veldig fin ting er at taxi i denne byen koster kun 2.5 euro uansett hvor du reiser innenfor by-området. Tog er gratis for studenter, og du kan reise gjennom heile Slovakia, togstasjonen i Trnava ligger 15 min gåavstand frå internatet. Eg anbefaler å reise mykje rundt i Slovakia, dei har fantastisk natur og flotte slott. I Trnava så er det mange kafeer, barer, klubber, eit stort kjøpesenter og flotte parker overalt. Byen berre må opplevast.

Bustad

Eg valgte å bu på internat fordi eg ville bli bedre kjent med andre studenter. Dette var nok det beste valget og eg anbefaler også at du velger dette om du reiser hit. Prisen var veldig rimeleg, kun 80 euro i mnd. Internatet låg kort avstand frå mitt fakultet, maks 5 min gåavstand. Men om du har eit anna fakultet kan gåavstanden bli opp til 40 min. Internatet er stort, med eget leserom i kvar etasje, treningsrom i kjelleren, kantine, vaskerom (pr vask koster 1.8 euro) og eit stort rom som blir brukt til kino. Rommet du bur på er tomannsrom, med eget bad, liten gang med garderobeskap og kjøleskap. Kvar etasje har eget kjøkken som du deler med resten av studentene i din etasje. Internatet har vaskedamer som vasker fellesområdet, men rommet må du ta sjølv. Dei gir deg sengesett som du kan levere inn og få nye reine så ofte du vil.

Sosialt miljø

Mange barer og klubber å besøke, utrolig koslige. Alltid liv på kveldstid, kvar dag. Å bu på internat blir du kjent med både slovakiske studenter og utvekslingstudenter frå andre land. Når eg var der så var det studenter frå både Tyrkia, Kroatia, Russland, Bulgaria, Ukraina, Lituaen og Spania. I nabobygget er det eit anna internat frå eit anna universitet, noen av desse er også frå Erasmus, så du vil nok bli kjent med mange der ifrå også. Byen er ellers rolig, folket der er vennlige, men litt reservert slik som i Norge. I Slovakia så er ikkje engelsk så utbredt, som regel ingen av eldre generasjon forstår eller snakker engelsk, så det er ein fordel å lære seg noen generelle slovakiske ord. Dette var ikkje eit problem fordi universitetet tilbyr slovakisk kurs, dette anbefaler eg sterkt å ta. Erasmus arrangerer mange arrangement gjennom semesteret, eg anbefaler å reise på alle du kan.

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Trnava

Informasjon