Hjem
Studentsider
erasmus+

Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg og Institutt for fysikk og teknologi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHeidelberg
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i fysikk. I tillegg kan lektorstudentar som har fysikk som eit av sine fag reise ut på denne avtalen. Andre studentar ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakuletet kan òg søke dersom dei har tilfredsstillande fagbakgrunn for emna dei skal ta. I fall det er fleire søkarar enn ledige plassar vil fysikkstudentane bli prioriterte.

Ein må ha tatt minst 60 studiepoeng før ein kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i fysikk er det lagt til rette for at ein kan reise på utveksling i sjette semester av studieprogrammet.

Søkarar frå andre studieprogram. Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på.Venlegvis vil det passe vbest å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har gode nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utreise. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva språkkurstilbod som eventuelt finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Skal du ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar og skal vere ein del av masteravtalen. Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Heidelberg

Informasjon