Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Potsdam og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByPotsdam
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på programma i samanliknande politikk har fortrinn på plassane.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogleg å søke for eitt semester eller eit heilt år. På grunn av semesterinndelinga er det ikkje mogleg å reise for berre haustsemesteret. Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester. Masterstudentar kan reise ut i andre semester.

Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. Det er anbefalt å ha språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i tysk.

Institusjonen tilbyr tysk språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Innreisande studentar blir ein del av Faculty of Economics and Social Sciences på Campus Griebnitzsee (som ligg nærast Berlin), og kan ta ei rekke emne på tysk og engelsk. Miljøet på Politics and Public Administration er leiande i Tyskland innan fagområdet Public Policy and Management, men dei tilbyr eit breitt spekter av statsvitskapelege emne. På denne nettsida finn du oversikt over emna.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Dei fleste emna utgjer frå 6 til12 ECTS avhengig av kva for deltaking ein vel. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Potsdam

Informasjon