Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Potsdam og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByPotsdam
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for politikk og forvaltning har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå samanliknande politikk har fortrinn før søkarar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde dersom det er ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester (berre vår/sommar) eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentart passar det normalt best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. For masterstudentar passar det best å reise ut i andre semester. På grunn av semesterinndelinga er det ikkje mogeleg å reise ut for berre haustsemesteret gjennom denne avtalen. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. Det er anbefalt at studentar som skal følge undervisning på tysk har forkunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR). Institusjonen tilbyr tysk språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen blir tilknytt Faculty Economics and Social Sciences på campusen Griebnitzsee og kan velje blant ei rekke emne med tysk eller engelsk undervisningsspråk. Fagmiljøet knytt til politikk og offentleg administrasjon er leiande i Tyskland innanfor «Public Policy and Management», men det finst òg tilbod om eit breitt spekter andre statsvitskapelege emne. På denne nettsida finn du generell informasjon for innkomande studentar og på denne nettsida ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet. Masterstudentar frå administrasjon og organisasjonsvitskap kan få eit spesialopplegg der dei deltek på to masterseminar som erstatning for emne dei elles skulle tatt ved UiB i utvekslingssemesteret.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Dei fleste emna utgjer 6-12 ECTS, avhengig av kva type undervisningsdeltaking ein vel. Det er ein føresetnad at du vel emne som ikkje overlappar med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Potsdam

Informasjon