Hjem
Studentsider
erasmus+

Aarhus Universitet og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • LandDanmark
  • ByAarhus
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Om tal på plassar:

Det er éin plass til studentar på 3. studieår og éin plass til studentar på siste studieår. Om plassen for femte studieår ikkje blir brukt, kan han istaden brukast på 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Ved utveksling til Danmark kan norske studentar vanlegvis velge blant emna som blir underviste på dansk, i tillegg til emna som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslar du til dette universitetet på 3. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.

Sudieåret 2024/2025: Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (30 sp).

Frå 2025/2026: Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp).

Oversikt over kva emne du kan ta ved Aarhus universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider. Det er ingen engelskspråklege emne tilgjengeleg på bachelornivå, slik at ved Aarhus universitet vel ein blant emne på masternivå uavhengig av om ein utvekslar på 3. studieår eller på 5. studieår. Aarhus tillet at også studentar på 3. studieår studerer emne på masternivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon