Hjem
Studentsider
bilateral

Université de Montréal og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByMontréal
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB, med unnatak av profesjonsstudentar, kan søke om å reise ut gjennom denne avtalen. Ver merksam på at University of Montreal tek berre imot søknadar i vårsemesteret. Dei vurderer då søknadar for heile det neste studieåret, enten ein ønsker å reise på utveksling berre i eit semester (haust- eller vårsemesteret) eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om når det passar best å reise ut på ditt studieprogram. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Det er berre mogeleg å søkje til University of Montreal i vårsemesteret (frist 1. februar) uansett om du ynskjer å dra ut på hausten, våren eller i eit heilt år.

Språk

UdeM er eit franskspråkleg universitetet, og all undervisning foregår på fransk. Ein del pensumlitteratur vil være på engelsk, og det kan vere mogeleg å levere oppgåver og eksamen på engelsk, avhengig av emneval.

Alle innreisande studentar må kunne dokumentere gode franskkunnskapar. Studentar som studerer fransk ved UiB, som vil ta fag ved Department of Literature and French Language, må be Institutt for fremmedspråk om å skrive ei erklæring som vurderer fransknivået til studenten. Alle andre studentar må ta ein nivåtest i fransk (TCF-testen) ved Fransk Kultursenter i Oslo og oppnå resultatet C1 eller bedre. Det er anbefalt at også søkarar som studerer fransk tar denne testen, då franskkunnskapane deira vil bli vurderte subjektivt ut fra karakterutskrifta og erklæringa som er lagt ved søknaden. Minimumskravet på TCF-testen for opptak til «Minor in Arts and Sciences» er nivå B1.

Studentar får òg tilbod om språkkurs på alle nivå ved universitetet.

Kva emne kan eg ta

Universitetet kan tilby eit rikt utvalg av emne, knytt til 250 ulike studieprogram både på bachelor- og masternivå. Utvekslingsstudentar kan i utgangspunktet velje fritt frå emnekatalogen, med unnatak av emne knytt til profesjonsstudia. Ein kan òg kan velje emne fra ulike institutt, men ver merksam på at ein då kanskje ikkje blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar på eit emne. Ei moglegheit er å søke på ein «minor Arts and Sciences» fra fakultetet med samme namn. Då bind du deg ikkje til ein spesifikk disiplin, men kan velje emne og emnekombinasjonar frå fleire institutt. Dette er relativt vanleg blant utvekslingsstudentar som er i Canada først og fremst for å lære språk.

Skrildringar for alle tilgjengelege emne innafor eit gitt studieprogram finn du på universitetets nettsider. Her finn du òg informasjon om eventuelle krav til forkunnskapar for dei enkelte emna. Ver merksam på at emne kan ha overlappande undervisnings- eller eksamenstider og dermed ikkje lar seg kombinere.

Heiltidstudium tilsvarer 15 credits per trimester. Eit emne utgjer vanligvis 3 credits, og ei arbeidstyngd på tre timar undervisning og seks timar eigenstudium i veka. Studentar på mastergradsnivå tar vanlegvis 9 credits per trimester. Det er i utgangspunktet forventa at alle utvekslingsstudentar skal ta emne. Dersom du berre ønsker å gjere datainnsamling må dette avtalast særskilt med ein professor på førehand.

Studieavgift

UiB disponerer vanlegvis 1-3 friplassar ved UdeM. Øvrige studentar vil kunne få tilbod om plass mot studieavgift.

I uttaket med frist 1. september 2025 har vi 2 friplassar for eit heilt år, eller 4 plassar for eitt semester.

Studentrapportar

Informasjon