Hjem
Studentsider
bilateral

Bond University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandAustralia
  • ByGold Coast
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisere til opptak på LLM-programmet ved Bond University må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og alle emne til og med 3. studieår må vere fullførte.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Ein kan starte på LLM-programmet ved Bond University både i haustsemesteret og i vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skole treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM-grad sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskrive av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve i mastergraden i rettsvitskap ved UiB. Bond University er spesielt sterke på «Dispute Resolution and Mediation». I tillegg blir det lagt stor vekt på «Corporate law», spesielt «International corporate law, finance and contracts». Andre fagområde dei er sterke på inkluderer «International law» og «Criminal law».

LLM-graden Master of Laws er på 80 credit points, strekk seg over to semester, og svarar til 60 studiepoeng. På nettsida om LLM-graden Master of Laws finn du fleire opplysningar om graden.

Du kan velje mellom ein generell LLM-grad eller ei av følgande spesialiseringar. Til forskjell frå LLM-program i Storbritannia, som varer i 12 månader, går LLM-programmet ved Bond University kun over to semester (8 månadar).

En kan få godskriving for masteroppgåva ved å skrive å skrive ei oppgåve som kan tilsvare den norske masteroppgåva både i innhald, omfang og dybde. Det er mogleg å oppnå dette gjennom å ta emnet Individual Study in Law (LAWS77-610, LAWS77-611 eller LAWS77-612 - 10 credit points)</a>. Dette emnet må ein søke Bond University særskilt om å få lov til å ta. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 40 credit points per semester.

denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved Bond University. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

I denne videoen kan du høyre meir om korleis det er å studere ved Bond University.

Det er òg mogeleg å reise på utveksling til Bond University for eitt semester (ikkje LLM).

Studieavgift

Gjennom denne avtalen må ein betale skulepengar. For 2025 er skolepengane for ein LLM på 26 000 AUD per semester, altså 52 000 AUD for heile LLM-programmet. Bergensstudentar får 30 % rabatt og betalar derfor 36 400 AUD. Beløpet kan bli justert frå 2026.

Lånekassen gjev støtte til skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ver merksam på at dersom ein ikkje har søkt opptak til LLM-programmet i utgangspunktet, men istaden har søkt om utveksling for eitt semester og seinare utviding av opphaldet til to semester og overgang til LLM, så får ein kun 10% rabatt på LLM-skolepengane for andre semesteret (ikkje 30% slik som ein får dersom ein søker opptak til LLM-programmet i utgangspunktet).

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Merk: frå 1. juli 2024 auka australske visummyndigheiter kostnaden for å søke om visum til AUD 1600.

Join us on the Gold Coast

Studentrapportar

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Bond University

Informasjon