Hjem
Studentsider
bilateral

Universidad de Costa Rica og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCosta Rica
  • BySan José
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar, men studentar innanfor helsefag kan ikkje vere sikre på å få opptak. Studentar må ha eit karaktersnitt på C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

UiB-studentar må ha gjennomført minst tre semester av BA-grad eller eitt semster av Mastergrad før utvekslinga startar.

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du studerer ved for informasjon om utveksling og når i studieprogrammet du går på det passar å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket er spansk. Studentar må legge ved dokumentasjon på spanskkunnskapar på B2-nivå når dei sender inn søknad til UCR.

Kva emne kan eg ta

Det akademiske systemet på UCR er delt inn i fem hovudområde: Artes y letras (kunstfag, språkfag, filosofi og andre humanistiske fagområde), Ciencias básicas (matematiske og naturvitskaplege fag), Ciencias sociales (samfunnsvitskapane), Salud (helsefag) og Ingeniería (ingeniørfag). Innanfor kvart av desse områda finst det eit eller fleire fakultet, som igjen er inndelt i skolar, med ansvar for undervisning, forsking og sosiale aktivitetar. Den såkalla «Escuela de Estudios Generales» har ein interdisiplinær karakter og er knytt til dei tre førstnemnde hovudområda.

Normalt vil studiebelastninga bestå av fem emne i semesteret, som til saman utgjer sirka 15 creditos. Ver merksam på at studieopplegget og førehandsgodkjenning av emna må avklarast med studierettleiaren for studieprogrammet/fakultetet ditt før du reiser ut.

Studieavgift

UiB studentar betalar ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile perioden dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universidad de Costa Rica

Informasjon