Hjem
Studentsider
bilateral

Dalhousie University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByHalifax
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle UiB-studentar kan søke om å reise ut gjennom denne avtalen, men utveksling er berre mogeleg innanfor desse fagområda:

  • Arts
  • Humanities
  • Social Sciences
  • Sciences
  • Management
  • Computer Science

Dalhousie University er spesielt sterk i marinbiologi.

Per dags dato ikkje mogleg å reise på utveksling gjennom denne avtalen for å ta emne innanfor Dentistry, Law, Medicine, Planning og Health Science.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om utveksling og når det passar å reise ut. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket ved DAL er engelsk. Universitetet har fjerna kravet om TOEFL-test for norske studentar. Studentar som likevel ønsker litt hjelp med det språklege, som for eksempel «academic writing», kan velje blant fleire emne.

Kva emne kan eg ta

Med meir enn 3600 ulike emne kan DAL tilby fleire studieprogram enn mange andre kanadiske universitet. Oversikt over emnetilbodet finn du på denne nettsida: http://dal.ca/timetable

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå og innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB har vanlegvis to friplassar i året ved Dalhousie. Dei som ikkje får tilbod om ein av desse plassane kan betale studieavgift.

Ved søknadsfristen 1. mai 2024 har UiB 4 semesters friplasser.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Dalhousie University

Informasjon