Hjem
Studentsider
bilateral

University of Ghana og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandGhana
  • ByAccra
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

University of Ghana vart stengd ned under pandemien, og dette skapte problem med eit etterslep av komprimerte semester for å ta igjen det tapte. Universitetet har enno ikkje klart å komme tilbake til den opprinnelege semesterinndelinga. Det andre semsteret av studieåret 2024/25 er planlagt å vare frå 14. april til 31. august 2025.

Avtalen ved University of Ghana er i utgangspunktet open for alle studentar ved UiB.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om utveksling og når det passar å reise ut. Vanlegvis vil det passe best i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. University of Ghana advarer mot å utveksle i det siste året av graden fordi det har hendt at karakteruskriften etter utveksling kjem veldig seint. Dette har ikkje pleid å vere eit problem dei siste åra.

Språk

Undervisninga ved universitetet foregår på engelsk. Språktest krevast ikkje.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsstudentane har status som «special admission students» og står fritt til å velje blant alle emne på bachelornivå så lenge dei innfrir krav til faglege forkunnskapar. Studentane kan søke på emne innanfor følgjande fagfelt: african studies, archaeology, biochemistry, biology, business administration (public administration and health services management), classics, earth science, economics, English literature/language, geography and resource development, geology, history, mathematics, modern languages, music, philosophy, political science, psychology, religious studies, sociology og theatre arts. Full oversikt over emnetilbodet finn du på nettsidene til UG.

På 100- og 300-nivå vil det faglege nivået ofte vere lågt, og det er som oftast færre studentar på emna på 400-nivå og oppover. Det kan òg vere mogeleg å følge emne på masternivå (600-nivå og oppover). UG krev at alle emna ein student vel er på same nivå pga. fare for kollisjon mellom eksamensdatoar. Ver merksam på at fagkodar som sluttar med oddetal blir tilbode i semester 1, som tilsvarar vårt haustsemester, medan fagkodar som sluttar med partal blir tilbode i semester 2, vårt vårsemester.

Kvart emne utgjer 3 credits. Studentane må ta minst 5 emne per semester, totalt 15 credits. Det er fagmiljøet ditt ved UiB som avgjer kor mange credits du må ta ved UG for å få godkjent studiane som tilsvarande 30 studiepoeng ved UiB.

Evaluering skjer i form av oppgåver undervegs og ein 2-3-timers skuleeksamen ved slutten av semesteret. På ein del emne får studentane utlevert emneskildringar, kopierte utdrag frå lærebøker eller artiklar/handouts, men elles er det lite pensumlitteratur og det som blir sagt på forelesingane er absolutt den viktigaste delen av innhaldet på studiet. Oppmøte er obligatorisk.

Studieavgift

Det er berre betalingsplassar ved University of Ghana. Studieavgifta for eitt semester i 2023/24 er USD 3 400, inkl. bustad. Studieavgift utan bustad er 2462 USD.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Ghana

Informasjon