University of Tartu og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)
- LandEstland
- ByTartu
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor, Master og PhD
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogramma i humanistiske fag, og andre studentar som ønskjer å ta emne innan humanistske disiplinar. Studentar skal ha avlagt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.
Studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier vert prioriterte i fall det er fleire søkjarar enn plassar.
Når i studiet kan eg reise
Bachelor : best eigna for utveksling er dei siste fire semestra i studiet.
Master: best eigna for utveksling er 2. semester i studiet.
Studentar på andre program: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.
Språk
Undervisningsspråka ved universitetet er estisk og engelsk.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Tartu blei grunnlagt av Kong Gustavus Adophus i 1632, medan Estland stadig var ein del av Sverige. Då Estland blei sjølvstendig i 1918, blei University of Tartu det første til å gi undervising på estisk året etter. I dag finst det òg eit relativt stort engelskspråkleg fagtilbod. Med 18 000 studentar er dette ikkje berre den eldste, men òg den største institusjonen for høgare utdanning i landet. Universitetet har ein 200 år gamal botanisk hage, fleire idrettsanlegg og driftar fire museum.
Med om lag 105 000 innbyggarar, er Tartu den nest største byen i Estland. Han ligg Studentane set eit tydeleg preg på byen. Det blir blant anna arrangert studentfestivalar både om våren og hausten, og to gongar i året går studentane i tog gjennom byen med lykter og faner.
Bustad
Universitetet samarbeider med samskipnaden Tartu Student Village om å tilby bustadar for internasjonale studentar. Det er stort sett snakk om delte rom, for to eller felire studentar. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Tartu.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.ut.ee
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7960
- FagnavnHumanistiske fag