Hjem
Studentsider
erasmus+

Comenius University in Bratislava og Institutt for politikk og forvaltning (ERASMUS+)

  • LandSlovakia
  • ByBratislava
  • Studieplassar8
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar frå Institutt for politikk og forvaltning har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha teke minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

På grunn av semesterinndelinga er det ikkje mogeleg å reise ut haustsemesteret gjennom denne avtalen.

Bachelorstudentar i administrasjon og organisasjonsvitskap/politikk og forvaltning kan reise ut i sitt fjerde semester.

Masterstudentar i politikk og forvaltning kan reise i sitt andre semester.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er slovakisk, men dei har òg eit avgrensa emnetilbod med engelsk som undervisningsspråk.

Universitetet tilbyr språkkurs i slovakisk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Avtalen er knytt til Faculty of Social and Economic Sciences og dei tilbyr emne på engelsk på bachelor og master nivå innafor statsvitskap med fokus på Europa. Du finn meir informasjon om emnetilbodet her.

Ein fulltidsstudent skal ta 30 ECTS per semester. Emna på utgjer normalt 6 ECTS. Du må derfor rekne med å ta fleire emne per semester enn du normalt ville gjort heime. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Informasjon