Robert-Schumann-Hochschule Düsseldorf og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)
- LandTyskland
- ByDüsseldorf
- Studieplassar3
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Robert Schuman Hochschule Düsseldorf vart grunnlagt i 1972 og er ein internasjonalt kjend lærestad for musikkstudiar på universitetsnivå. Den er oppkalla etter Robert Schumann, ein kjend tysk komponist og pianist frå den romantiske perioden. Om lag 850 studentar frå meir enn 40 nasjonar utdanner seg innan musikk her. Universitetet dekker heile spekteret av fagområde innan musikk med fire hovudkurs: musikk, musikkundervising, lyd og bilete, i tillegg til musikk og media. Det er lagt opp til mykje praksis på læreplanen og universitetsorkesteret opptrer jamleg i Düsseldorf Tonhalle.
Düsseldorf er hovudstaden i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen. Byen ligg ved elva Rhinen som er ein av dei lengste elvane i Europa. Med om lag 600 000 innbyggarar er dette den sjuande største byen i Tyskland. På grunn av store øydeleggingar under andre verdskrigen er bybiletet i dag prega av fleire moderne bygningar.
Bustad
Ein må belage seg på å ordne innkvartering sjølv.
Semesterinndeling
Haustsemester: oktober-mars
Vårsemester: april-september (/juli)
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.rsh-duesseldorf.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8192
- FagnavnMusikk