Hjem
Studentsider
bilateral

Universidad de Buenos Aires og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandArgentina
  • ByBuenos Aires
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er med Facultad de Ciencias Sociales, UBA, og opnar ikkje for studium ved andre fakultet på universitetet. Den eignar seg derfor først og fremst for studentar med studierett på Det samfunnsvitskapelege fakultet.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet eller fakultetet du går på for meir informasjon og råd om utveksling, og når det passar best å reise ut.

Språk

UBA krev at studentane har dokumenterte spanskkunnskapar på B2-nivå når dei søker om utveksling. Dersom det er tvil om dette, må søkaren ta ein spansktest før utreise. Testen avgjer om ein får ta til på studiane eller ikkje.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dei viktigaste fagområda ved fakultetet er politiske studium, arbeidslivsrelasjonar, sosiologi, sosialt arbeid, journalistikk og kommunikasjonsvitskap.

Emna ved UBA er ikkje vekta, men argentinske studentar tar som regel 3 til 4 kurs for å oppnå full studieprogresjon per semester. I emnekatalogen er det sett skille mellom obligatoriske (Cursos obligatorios) og valfrie emne (Cursos optativos). I tillegg finst det tilbod om deltaking i seminar (Seminarios) som har 4 timar undervisning per veke.

Obligatoriske emne har 4 til 6 timar undervisning per veke. Det er grunnleggande introduksjonskurs og obligatoriske emne i alle studieprogramma UBA tilbyr. Dei valfrie emna med 3 eller 4 timers undervisning i veka er meir spesialiserte, og her er det tilrådd med forkunnskapar innan fagfeltet. Arbeidsmengda skal vere noko mindre enn på seminara. Seminara på si side er meir spesialiserte og har innhald som kan variere frå semester til semester. Utanlandske studentar ved UBA vil oftast ta valfrie emne eller seminar som supplement til eigne studiar, nettopp fordi desse gjerne har ein meir spissa profil og tema knytt til latinamerikansk eller argentinsk kultur og samfunn.

Studieavgift

UiB-studentar må betale ei lita studieavgift ved Universidad de Buenos Aires. Den er for tida på 600 USD per semester.

Studentrapportar

Informasjon