Hjem
Studentsider
bilateral

Lancaster University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLancaster
  • Studieplassar5
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisere til LLM-studier ved Lancaster University må du ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre, og du må ha fullført alle emna på 1.-3. studieår.

NB! Det er berre mogeleg å starta LLM-studier ved Lancaster University i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket på vertsuniversitetet er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande treng ikkje å avlegge TOEFL eller IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

denne nettsida finn du ei oversikt over LLM-spesialiseringar og innhaldet i LLM-gradene universitetet tilbyr.

Lancaster University nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Eit LLM-program ved Lancaster University er eit 12 månedars studium og utgjer 90 studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

Gjennom denne avtalen betaler ein reduserte skulepengar. Skulepengane for LLM i 2024/2025 er 23 875 GBP. Bergensstudentar får 30% rabatt, og betaler 16 713 GBP.

Lånekassen gjev støtte til å betale skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Welcome to Lancaster

1/2

Lancaster University - Study Abroad Visiting Students

2/2

Studentrapportar

campus i mørket
Foto/ill.:
© Lancaster University

Informasjon