Universitat Rovira i Virgili og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. studieår)
- LandSpania
- ByTarragona
- Studieplassar3
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterstudiet i rettsvitskap.
Studieåra 2023/2024 og 2024/2025 kan avtalen også nyttast av studentar på siste studieår av masterstudiet i rettsvitskap (studentar på studieordninga av 2003).
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket på vertsuniversitetet er katalansk og spansk, men universitetet tilbyr òg nokre kurs på engelsk. Tidlegare erfaringar med å sende studentar til dette universitetet har vist at det ikkje er nok emne på engelsk til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise på denne avtalen må vere forberedt på å måtte ta emne på katalansk eller spansk for å oppnå full semesterbelastning. Gode språkkunnskapar i desse språka er derfor anbefalt. Uavhengig av om emna har undervisning på spansk eller katalansk, kan internasjonale studentar nytte spansk når dei deltek i diskusjonar og når dei skriv oppgåver og eksamen.
Universitetet tilbyr språkkurs i katalansk og spansk for internasjonale studentar.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga).
På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.
Universitat Rovira i Virgili nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitat Rovira I Virgili er eit offentleg universitet i Catalonia. Universitetet sine prioriterte forskingsområde er arkeologi, kjemi, turisme, energi og miljø, ernæring og helse, økonomi, rettsvitskap og utdanningsvitskap. Universitetet har om lag 12 000 studentar, og er geografisk fordelt på seks campusar i dei fem byane Tarragona, Reus, Vila-Seca, Tortosa og El Vendrell. Tarragona er det største.
Tarragona er ein kystby som ligg i provinsen ved same namn i Catalonia. Byen har om lag 140 000 innbyggarar og er blant anna kjent for ein spesiell type dans, som involverer menneskelege tårn og snakkesynging. Den viktigaste inntektskjelda i området er kjemisk industri. Feltet for denne industrien ligg i utkanten av byen.
Bustad
Universitetet har studentbustader i Tarragona der internasjonale studentar kan søke om rom. Det er òg mogleg å leige på den private marknaden.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.urv.cat/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7339
- FagnavnJuridiske fag