Adam Mickiewicz University in Poznan og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- LandPolen
- ByPoznan
- Studieplassar4
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Om antall plasser: Til dette universitetet er det to plassar for studentar på 5. studieår (enten haust eller vår), og to plassar for studentar på 3. studieår i vårsemesteret.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak polsk, men det finst òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk.
Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår eller spesialemne og fordjupingsemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap.
På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.
Adam Mickiewicz University nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Adam Mickiewicz University (AMU) opna i 1919, og ligg i byen Poznan. Det har fått namn etter den polske diktaren Mickiewicz, som ved sidan av Pusjkin blir rekna som den viktigaste slaviske diktaren. I dag har universitetet 14 fakultet, og over 50 000 studentar. I tillegg til Poznan, har AMU campusar i byane Gniezno, Kalisz, Pila og Slubice. Universitetet har ei arktisk forskingshytte på Svalbard med namn Skottehytta.
Poznan ligg ved elva Warta, midt mellom Berlin og Warszawa. Byen er eit sentrum for kultur og handel, og har mykje industri knytt til blant anna maskin- og elektroteknikk og tobakk. Elles er byen òg blant landets viktigaste universitetsbyar. Poznan har 550 000 innbyggarar og av desse er om lag 140 000 studentar.
Bustad
Utvekslingsstudentar kan søke på universitetet sine studentbustader, som ligg i kort avstand frå universitetet sin campus i Poznan.
Semesterinndeling
Oktober - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.amu.edu.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7444
- FagnavnJuridiske fag