Hjem
Studentsider
erasmus+

Göteborgs universitet og Det medisinske fakultet (ERASMUS+ - Medicine)

  • LandSverige
  • ByGöteborg
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise til Göteborg i 9. semester (MED9) av medisinstudiet. Det er mogeleg å reise ut i haust- eller vårsemesteret.

Obs: Grunna endringar i studieplanen og kollisjonar med undervisning, vert det ikkje mogleg å søkje utveksling til Göteborg hausten 2025 og våren 2026.

Språk

Undervisningsspråket er svensk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på, at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgjande emne ved Göteborgs Universitet samsvarar med emnekombinasjonar i studieplanen ved UiB:

  • Gynekologi, obstetrik och klinisk genetik og Pediatrik och barnpsykiatri (termin 11).

Termin 11 i Göteborg inneheld også eit lite radiologiemne, men dette trenger ikkje UiB-studenter å følge dersom Göteborg ikkje krev det. Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna ved Göteborgs Universitet kan godkjennast som tilsvarande 9. semester (MED9) ved UiB.

Det er ikkje lenger mogeleg å ta emne som samsvarar med 7. semester ved Göteborgs Universitet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Göteborgs Universitet

Informasjon