Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Stuttgart og Fakultet for naturvitenskap og teknologi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByStuttgart
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Lærestader i nettverket

www.uni-stuttgart.de/en/study/application/international-non-degree/erasmus/

Erasmus+ students (non-degree) | University of Stuttgart (uni-stuttgart.de)

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masternivå. University of Stuttgart tilbyr engelskspråklege emne for studentar i det 5. og 6. semesteret sitt bachelornivå og masternivå.

University of Stuttgart kan vere spesielt aktuelt for studentar som studerer emne innanfor fysikk, kjemi, informatikk, matematikk og geofag- og informatikk.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som reiser på utveksling til University of Stuttgart, kan reise både haust og vår. Vi tilrår derimot at studentar reiser i vårsemesteret, då Tyskland har litt andre semesterdatoar enn Noreg.

Høst semester: oktober - februar (eksamen februar - april)

Vår semester: april - juli (Eksamenar juli - oktober)

Academic calendar | For students | University of Stuttgart (uni-stuttgart.de)

Språk

Engelsk og tysk

Kva emne kan eg ta

Alle innkommande studentar som kjem til University of Stuttgart på utveksling, står fritt til å velje emne frå heile emnekatalogen.

Emne studentar kan ta er ikkje avgrensa til eitt fakultet eller institutt. Studentar kan kombinere kurs slik det passar dei (bachelor- og masterkurs, akademiske kurs med språkkurs etc.), så lenge studierettleiaren din og instituttet samtykkjer. Innkommande studentar i det siste året på bachelor kan også velje modular frå masterprogramma på førespurnad.

Ei liste over alle University of Stuttgart studieprogramma sine finn ein her: https://www.uni-stuttgart.de/en/study/study-programs/

Viss studentar er interesserte i engelskspråklege kurs, sjå på følgjande masterprogram, som er undervist berre på engelsk:

I tillegg til desse engelskspråklege studieprogramma, tilbyr University of Stuttgart også fleire engelskspråklege modular innanfor dei tyskspråklege studieprogramma deira på bachelor- (sjeldan) og masternivå, som også er opne for utvekslingsstudentar. Og sjølvsagt er alle BA- og MA-program i engelsk og amerikansk litteratur og kultur, og i engelsk lingvistikk ved University of Stuttgart, også undervist på engelsk.

Viss studentar frå Fakultet for naturvitskap og teknologi er interessert i å skrive ei avhandling eller prosjektarbeid, hjelper University of Stuttgart gjerne med å finne eit passande emne og engelsktalande rettleiing ved universitetet.

Kursinformasjon om alle studieprogram og modulane deira finst i University of Stuttgarts nettbaserte kurskatalog C@MPUS: https://campus.uni-stuttgart.de/

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus+ betaler ikkje semesteravgift til vertsuniversitetet. Du som student skal semesterregistrere deg hos UiB gjennom Studentweb som normalt og betala semesteravgift til UiB. Du kan semesterregistere deg til eit "utvekslingsemne" i utdanningsplanen din det semesteret du er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Stuttgart blei grunnlagt i 1829, og er eit teknisk universitet med rundt 25 000 studentar. Det har ti fakultet, men satsar i hovudsak på ingeniørfag og teknikk. På campusen i sentrum finst fakulteta for humanistiske fag, økonomi og arkitektur. Den største campusen er Vahingen, som ligg litt utanfor sentrum og husar tekniske og naturvitskapelege fag.

Stuttgart er den største byen i delstaten Baden-Württemberg. Han blei grunnlagd som ein oppsamlingsleir for stridshestar til det tyske kavaleriet under Keisar Otto den første sitt styre rundt 950. Byen har i dag om lag ein halv million innbyggarar. Stuttgart er kjend for vinproduksjon og for bilmerka Mercedes og Porsche. Prisnivået her er høgt samanlikna med andre byar i Tyskland.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar så langt kapasiteten rekk. Det kan vere dyrt å leige bustad på den private marknaden i Stuttgart samanlikna med andre stader i Tyskland.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Studentrapportar

2015

Haust 2015 Master i anvend og utrekningsorientert matematikk

Haust 2015 Master i anvend og utrekningsorientert matematikk

15.08.2015 - 31.12.2015

Førebuingar/praktiske tips

Stor fordel å ha et sted å bo før man drar fra Norge. Da vil ting stort sett ordne seg. Administrative ting kan være noe annerledes enn vi er vant til, så jo mer som er ordnet før avreise, jo mindre frustrasjon under oppholdet.

Undervisningsformer

Mye forelesningsbasert, men stort sett ganske tett kontakt med foreleser. Vesentlig lavere pc-kompetanse enn i Norge.

Vurdering av emnetilbodet

Mangfoldig og bra, men svært uoversiktelig for en som kommer utenfra og ikke kjenner systemet. Ikke lett å få veiledning.

Fagleg utbyte og språk

Stort! Anbefales også å ta forberedende språkkurs for alle som ikke snakker god tysk fra før. Har også ekstra sosiale fordeler.

Universitetsområdet og byen

Campus Vaihingen er noe steril, men ligger fint til og er svært godt forbundet med bykjernen via S-Bahn. Stuttgart er ingen romantisk universitetsby, men mer "funksjonell", og har alt man forventer.

Bustad

Fikk ikke studentforeningshybel p.g.a. en glipp. Dette var uheldig, da boligmarkedet i Stuttgart er alt annet enn enkelt.

Sosialt miljø

Godt, men en viss ulempe å bo langt fra resten av universitetsmiljøet.

Informasjon