Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Paris Cité og Institutt for klinisk odontologi (ERASMUS+ - Paris: Clinical rotation kull 5 odontologi)

  • LandFrankrike
  • ByParis
  • Studieplassar1
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for studentar ved integrert masterprogram i odontologi.

Når i studiet kan eg reise

Studentane søkjer opptak til utveksling i byrjinga av 8. semester, medan sjølve utvekslingsperioden er 3. månader i 9. semester (haust).

Språk

Undervisningsspråk er fransk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsavtalen gjeld i hovudsak for klinisk teneste på ulike fagområde. Utvekslingsopphaldet er tilpassa den siste delen (9. semester) av profesjonsstudiet integrert master i odontologi, der du jobbar relativt sjølvstendig i tannklinikken. I den grad det er mogeleg, kan du òg delta på teoriundervisning. Du tar eksamen ved UiB saman med kullet ditt når du er ferdig med utvekslingsopphaldet. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på pensum til eksamen, og å halde kontakt med fagmiljøet heime.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon