University of Lódz og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- LandPolen
- ByLódz
- Studieplassar3
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er i hovudsak polsk, men universitetet tilbyr òg eit lang rekke juridiske emne som blir underviste på engelsk. Du treng altså ikkje kunne polsk for å utveksle til dette universitetet.
Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga).
På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.Via denne lenka kan du sjå det breie tilbodet av juridiske emne underviste på engelsk (studieåret 2021/2022 som døme).
University of Lódz nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Lodz er eit offentleg universitet, grunnlagt i 1945. Det har over 47 000 studentar, fordelte på 12 fakultet. Universitetsbiblioteket er eit av dei største i Sentral-Europa. Universitetet har over 120 ulike foreiningar, vitskapelege klubbar, og andre akademiske organisasjonar som studentane kan engasjere seg i.
Lodz ligg sentralt i Polen, 125 kilometer sørvest for hovudstaden Warszawa. Byen er den tredje største i landet og var mellombels hovudstad i perioden då Warszawa måtte byggast opp att etter andre verdskrig. Byen er kjent for rikt kulturliv og husar blant anna både ein filmmusikkfestival og ein teikneseriefestival kvart år. Byen er kjent som sentrum for polsk filmindustri.
Bustad
Universitetet har studentbustader på campus kort utanfor sentrum, i området kalla Lumumbowo.
Semesterinndeling
Oktober - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uni.lodz.pl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7648
- FagnavnJuridiske fag