Hjem
Studentsider
bilateral

University of Aberdeen og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByAberdeen
  • Studieplassar8
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til LLM-studium ved University of Aberdeen må ein ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Ved University of Aberdeen er det mogleg å starte på LLM-programmet både i haustsemesteret og vårsemestereret. Det er likevel tilrådd å byrje i haustsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som kan vise til karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande skole treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM-grad er ein eittårig mastergrad i juss, som gir grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar, på visse vilkår, at ein kan få godskrive heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

LLM-graden ved University of Aberdeen er på 180 credits, strekk seg over tre semester (12 månader) og svarar til 90 studiepoeng. Ein har to semester med emne før ein deretter skriv ei stor oppgåve («dissertation») i løpet av sommaren. Fordi ein skriv ei lengre oppgåve, kan ein søke om godskriving av masteroppgåva etter opphaldet ved University of Aberdeen. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang og fagleg djupne.

Ved University of Aberdeen kan du ta ein generell LLM, eller velje blant ei rekkje ulike LLM-spesialiseringar innan strafferett, menneskerettar, internasjonal rett, energi- og miljørett, selskapsrett og immaterialrett. Den fulle oversikta over dei om lag 25 ulike spesialiseringane finn du på nettsidene til University of Aberdeen.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

Skolepengar for studieåret 2024/2025 er ikkje kjend enno, men for studieåret 2024/2025 er skolepengesatsen på mellom 23 800 GBP og 27 000 GBP, avhengig av kva for ei LLM-spesialisering ein vel. Studentar frå UiB får 20 % rabatt og betalar høvesvis 19 040 GBP og 21 600 GBP.

Lånekassen gjev støtte til skolepengar, storparten som lån og noko som stipend.

Ein skal i tillegg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Postgraduate Law | The University of Aberdeen

Produsent:
The University of Aberdeen
1/3

Explore the University of Aberdeen in under 60 seconds!

2/3

Living in Aberdeen | University of Aberdeen International Study Centre

3/3

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Aberdeen

Informasjon