Hjem
Studentsider
bilateral

Universität des Saarlandes og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandTyskland
  • BySaarbrücken
  • Studieplassar5
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Studentar som starta på studiet før 2021 har høve til å utveksle allereie etter fullført 3. studieår. Sidan LLM-studiet ved Universität Saarlandes varar i eitt år frå midten av oktober, og ein må rekne med å få ein sein start på haustsemesteret dersom ein skal starte på 4. studieår etter utveksling, tilrår vi utveksling på LLM-studiet ved Universität Saarlandes (Europa-Institut) etter at ein har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 4. studieår.

For å kvalifisera til LLM-studium ved Universitat des Saarlandes må ein ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre, og alle emne til og med 3. studieår må vera fullførte.

NB! Det er berre mogeleg å starta LLM-studier ved Universität Saarlandes (Europa-Institut) i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket for LLM-programmet er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande skole treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-testen.

Etter nærare avtale er det også mogleg å ta enkelte emne på tysk dersom ein ønskjer det og har tilstrekkelege tyskkunnskapar.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for internasjonale studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM-grad er ein eittårig mastergrad i juss, som gir grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM-grad sikrar, på visse vilkår, at ein kan få godskrive heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

Opplysningar om LLM-programmet European and International Law finn du her.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

Gjennom denne avtalen må ein betale skulepengar. Skulepengane for 2024/2025 er 3400 euro per semester, totalt 6 800 EUR for heile året.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Oliver Dietze

Informasjon