Hjem
Studentsider
nordplus

Karelia University of Applied Sciences og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (NORDPLUS - Sibelius)

  • LandFinland
  • ByJoensuu
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Karelia University of Applied Sciences er eit tverrfagleg internasjonalt og innovativt universitet som tilbyr utdanningar både på bachelor- og mastergradsnivå. Karelia UAS blei etablert i 1992 og ligg i byen Joensuu.

Joensuu er hovudstaden i Nord-Karelen, og nesten ein tredel av befolkinga består av studentar. Det er ein by der det alltid skjer noko; den største årlege hendinga er Illosaarirrock - ein festival som tiltrekk seg store nasjonale og internasjonale aktørar frå rock- og popverdenen.

Bustad

Selskapet Joensuun Elli tilbyr studentbustadar. Utvekslingsstudentar tilbys normalt møblerte rom i delte leiligheiter.

Semesterinndeling

august - desember

januar - mai

Informasjon