Hjem
Studentsider
nordplus

Luleå tekniska universitet og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (NORDPLUS - Sibelius)

  • LandSverige
  • ByLuleå
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Musikkskulen i Piteå blei etablert i 1978 som ein del av Luleå Tekniske Universitet. I same bygg som Musikkskulen ligg også Sveriges leiande utdanning innan audioteknikk, og Studio Acusticum som er eit av Nord-Europas mest moderne konserthus.

Piteå er ein by i Norrbotten i Sverige, den ligg 900 km nord for Stocklholm og 100 km sør for polarsirkelen. Piteå har ca 42.000 innbyggarar. Byen er ein industriby med gammal trehusbyggelse i bykjerna. Piteå fekk bystatus i 1621.

Bustad

Lærestaden kan bistå med å finne bustad.

Semesterinndeling

august - desember

januar - juni

Informasjon