Åbo Akademi University og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)
- LandFinland
- ByTurku
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.
Når i studiet kan eg reise
Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.
Språk
Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Finske universitet vil i tillegg ha eit eige avgrensa tilbod om emner på engelsk.
Kva emne kan eg ta
Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.
Studieavgift
Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Åbo Akademi University vart oppretta for hundre år sidan, og er det einaste universitetet med svensk som hovudspråk i Finland. Her finn ein eit breidt utdanningstilbod. Til saman er det 5 500 studentar i dei to campusbyene Turku (kalla Åbo på svensk) og Vaasa. Med ein internasjonal atmosfære og gamle studenttradisjonar, kan du få praktisert både finsk og svensk under opphaldet.
Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagt på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Med om lag 35 000 studentar, blir Åbo sett på som den beste studentbyen i landet. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock.
Bustad
Ein kan søke om studentbustad gjennom universitetet, og det er lurt å søke tidleg, då det er stor pågang. Les på nettsidene til Åbo Akademi University for meir informasjon.
Semesterinndeling
Haustsemester: august - desember
Vårsemester: januar til mai/juni/juli (varierer etter studieprogram)
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.abo.fi/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb5283
- FagnavnAlle fag