Örebro universitet og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)
- LandSverige
- ByÖrebro
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.
Når i studiet kan eg reise
Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.
Språk
Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Finske og islandske universitet vil i tillegg ha eit eige avgrensa tilbod om emner på engelsk.
Kva emne kan eg ta
Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.
Studieavgift
Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Örebro universitet er Sveriges yngste. Det blei grunnlagt ved tusenårsskiftet gjennom ei samanslåing av tre høgskular og universitetsfilialen i Örebro. Universitetet har rundt 10 000 studentar og åtte tilknytte institusjonar, blant desse Handelshögskolan, Musikhögskolan og den dels sjølvstyrde Restaurang- och hotellhögskolan Grythytte Akademi. Den største campusen ligg i bydelen Almby i Örebro, og i tillegg finst det campusar ved universitetetssjukehuset, i Grythyttan og i Karlskog.
Örebro har rundt 110 000 innbyggarar og ligg i det svenske innlandet, om lag 20 mil vest for Stockholm. På første halvdel av 1900-talet gjekk Örebro under kallenamnet «skobyen» fordi han hadde var så mange skofabrikkar. I dag blir det produsert fleire studiepoeng enn sko her, og universitetet er ein av dei viktigaste arbeidsgivarane i byen.
Bustad
Universitetet garanterer bustad til alle utvekslingsstudentar, forutsett at ein søker innan fristen, som vanlegvis er medio april for haustsemesteret og medio oktober for vårsemesteret. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden om ein er tidleg ute.
Semesterinndeling
August - januar og januar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.oru.se/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb5297
- FagnavnAlle fag