Hjem
Studentsider
erasmus+

Linnéuniversitetet og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)

  • LandSverige
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.

Når i studiet kan eg reise

Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.

Språk

Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Finske og islandske universitet vil i tillegg ha eit eige avgrensa tilbod om emner på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.

Studieavgift

Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Linnéuniversitetet blei grunnlagt i 2010 ved samanslåinga av Växjö universitet og Högskolan i Kalmar. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med fem fakultet og om lag 30 000 studentar. Universitetet ligg i Växjö og Kalmar, og i mindre grad i Hultsfred, Ljungby og Nybro. Universitetet har fokus på berekraft, miljø og likestilling.

Växjö har mange grøne stader, og ligg ca. midtvegs mellom Malmø, Gøteborg og Stockholm.

Bustad

Universitetet har studentbustader nær dei ulike fakulteta der internasjonale studentar kan søke om plass. Ein kan også leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Haustsemesteret: august/september – januar, vårsemesteret: januar – juni

Informasjon