Hjem
Studentsider
nordplus

Oulu University of Applied Sciences og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (NORDPLUS - NordPuls)

  • LandFinland
  • ByOulu
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

OAMK er ein statleg høgskule som blei etablert i 1992. Lærestaden har om lag 9000 studentar, og tilbyr ei rekke utdanningar på bachelor- og mastergradsnivå.

Uleåborg er den største byen i det nordlege Finland med rundt 200 000 innbyggarar. Han blei grunnlagd av kong Karl IX av Sverige i 1605. Byen sin økonomi var tidlegare primært basert på tjøreproduksjon og laksefiske. I dag er det først og fremst teknologi som blir skapt her. Byen er òg kjend for å ha arrangert verdsmeisterskap i luftgitar kvart år sidan 1996.

Bustad

Northern Finland Student Housing Foundation (PSOAS) tilbyr studentbustadar for utvekslingsstudentar.

Semesterinndeling

august - desember

januar - mai

Informasjon