Hjem
Studentsider
bilateral

University of Minnesota og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandUSA
  • Studieplassar5
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til LLM-studier ved University of Minnesota må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må ha fullført alle emne til og med 4. studieår.

NB! Det er berre mogeleg å starte på LLM-studier ved University of Minnesota i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ein grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godksriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

Ved University of Minnesota kan du velge mellom to ulike LLM-program, enten LLM in American Law eller LLM in Business Law. Du må velje kva for ein av desse to du ønsker før du tek til på University of Minnesota. Vel du LLM in American Law, kan du dessutan velge mellom følgande underspesialiseringar (sjå Optional Concentrations).

Kva for ein av desse spesialiseringane du ønsker, vel du undervegs i året etterkvart som du vel kva kurs du vil ta.

LLM-graden ved University of Minnesota består av 24 credits fordelt på to semester. Dette er fulltidsstudie og tilsvarer 60 norske studiepoeng. For å få ein spesialisert LLM må 17 av creditsa dine vere innan Business Law hvis du ønsker ein LLM in Business Law. I dei ulike spesialiseringane innanfor LLM in American Law, varierer kravet for dei ulike spesialiseringane: Mellom 12 og 15 credits må vera innanfor det bestemte rettsområdet du ønsker spesialisering innanfor.

Introduction to American Law (2 credits) er det einaste obligatoriske emnet i LLM-graden ved University of Minnesota. Dette vert undervist i august, før undervisninga i dei andre faga tek til. Emna ved University of Minnesota gir frå 2 til 4 credits, og talet på credits fortel deg óg kor mange timar undervisning du vil ha i dette faget kvar veke.

Emna blir underviste enten som "courses" eller som "seminars". Generelt kan ein sei at "courses" har eit breidt tema, mens "seminars" ser nærare på eit bestemt område innanfor eit større tema. Oftast er det slik at "courses" har skuleeksamen, mens ein i "seminars" skal skrive ei oppgåve. Det vanlege er å velge nokre "courses" og nokre "seminars" for å fordele arbeidsmengda utover semesteret.

For å oppnå LLM-graden er det óg krav om eit større skriftleg arbeid. Dette kan til dømes vere oppgåva ein skriv i eit av seminara. Ei slik oppgåve kan og tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne, og ein kan dermed få godskriving av heile 5. studieår i masterstudiet i rettsvitskap når ein tek ein LLM ved University of Minnesota. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 12 credits per semester.

denne nettsida finn du oversikt over LLM-programma ved Minnesota Law School. Vidare finn du oversikt over kva fag du kan velge blant.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Gjennom denne avtalen må ein betale skolepengar. Ordinære skolepengar for studieåret 2025/2026 er estimert til 60 100 USD.

Studentar frå Bergen får 58% rabatt på skolepengane i form av eit "scholarship" frå University of Minnesota, og betaler dermed 25 242 USD.

I tillegg kjem obligatoriske avgifter og forsikring (for 2025/2026 er desse estimert til 6 450 USD).

Lånekassen gjev støtte til skolepengar. University of Minnesota er på Lånekassens liste over lærestader som kvalifiserer for utvida stipend studieåret 2024/2025. Det betyr at om ein utvekslar til University of Minnesota blir ein større del av skolepengestøtten gjeve som stipend samanlikna med det som er vanleg.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Om forsikring:

Ved amerikanske universitet er det oftast eit krav at studentane kjøper helseforsikring gjennom universitetet. Prisen på helseforsikringa ved vertsuniversitetet ditt finn du på nettsidene til vertsuniversitet ditt. Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Dei siste åra, etter at Norge og HELFO avslutta samarbeidet med den amerikanske forsikringsagenten Optum, har fleire studentar frå fakultetet erfart at det ikkje lenger er mogleg å få fritak. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna amerikansk helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje ekstra støtte til å dekke denne forsikringa.

University of Minnesota Law School LL.M. Program

Produsent:
University of Minnesota Law School

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Minnesota

Informasjon