Hjem
Studentsider
bilateral

Western University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår)

  • LandCanada
  • ByLondon
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisere til studier ved Western Law må du ha eit karaktersnitt på C eller betre, og alle emne til og med 3. studieår må vere fullførte.

Det er kun mogleg å søke utveksling gjennom avtalen med Western Law ved fristen i vårsemesteret (1. februar). Dette gjeld og om du vil utveksle berre i vårsemesteret i det påfølgande studieåret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skole treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godkjente som engelsk spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp) ved UiB. Det er òg mogleg å skrive ei oppgåve som kan godkjennast som masteroppgåva i mastergraden i rettsvitskap, slik at semesteret alternativt kan godkjennast som masteroppgåve (20 sp) og engelsk spesialemne (10 sp).

Western Law tilbyr meir enn 100 ulike emne i rettsvitskap kvart år som fordeler seg innanfor følgjande tre hovudområde:

  • Business and Private Law
  • Public Law
  • Advocacy, Procedural, Specialty and Legal Theory

Du studerer saman med canadiske studentar som er tekne opp på Western Law sitt JD-program (juridisk grad). Western Law krev at alle internasjonale studentar tek 14-16 credits, og det er ikkje mogeleg å ha lågare studiebelastning enn dette. 15 credits svarar til 30 studiepoeng og dermed er det òg eit krav frå Det juridiske fakultet ved UiB at alle studentar skal ta 15 credits pr semester.

denne nettsida finn du oversikt over kva emne ein kan ta som internasjonal student ved Western Law. Vi anbefaler på det sterkaste at du vel emne blant "Upper Year Core Courses" for å få størst mogeleg fagleg utbyte.

En kan få godkjenning av masteroppgåva ved å skrive ei oppgåve som kan tilsvare den norske masteroppgåva både i innhald, omfang og dybde. I mange av emna skal det skrivast oppgåver som kan ha eit omfang på både færre og fleire ord en 12 000. I tilfelle der oppgåva i emnet er kortare enn 12 000 ord, kan ein søke om å utvide omfanget ved «Supplemental Writing Credit» (SWC). Det er og mogleg å oppnå dette gjennom å ta emnet #5797 Individual Research. Dette emnet må ein søke særskilt til Western Law for å få lov å ta. For å kunne få godkjenning av masteroppgåve (20 sp) og engelsk spesialemne (10 sp) må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Sjølv om oppgåva blir skrive som del av eit emne med eit visst tal credits, skal du uansett fullføre 15 credits totalt.

Eit av emna som kan vere av særleg interesse er «Community Legal Services», eit emne der ein som del av opplegget arbeider ved Western Law sin «legal clinic», eit likande konsept som Jussformidlingen i Bergen. Til forskjell frå Jussformidlingen vil dette vere eitt av fleire emne ein tar, og altså ikkje fulltidsarbeid slik som hos Jussformidlingen. Dette er eit emne som krev mykje arbeid og innsats, men som sjølvsagt òg vil gi stort utbytte. Les meir om emnet på denne nettsida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Studieavgift

Det er ingen skulepengar på denne avtalen, men alle utvekslingsstudentar må kjøpe University of Western Ontarios helseforsikring (University Health Insurance Plan UHIP). Denne kan du lese meir om på denne nettsida.

Ein skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Om antall plassar:
Studieåret 2025/2026 har vi to plassar gjennom denne avtalen.

Til dette universitetet kan ikkje fakultetet fordele det totale antalet plassar fritt mellom semestra. Om vi sender to studentar må vi enten sende ein student i kvart semester, eller to i vårsemesteret.

Experience Western

Produsent:
Western University

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
The University of Western Ontario

Informasjon